Eg har forelska meg litt i bambus frå
Myllymuksut. Bambus virkar for meg å være eit fantastisk stoff, som eg kjem til å sy mykje i framover.
Det er det mjukaste stoffet eg har prøvd nokonsinne. Utruleg deilig å ha inntil kroppen.
Stoffet har stor absorberingsevne, er antibakterielt og nesten resistent mot soppså det passar svært godt som undertøy.
Bambus kan brukast på samme måte som ullundertøy. Den store forskjellen er at dei som har ein tendens til å klø av ull ikkje vil klø av bambus.
Ein lett gensar, kan også nyttast som underskjorte på kalde dagar. Denne har ein nydelig lillafarge, men på bildet ser den nesten blå ut.
Dette litt utydelige biletet viser litt meir rett farge på genseren. Halsen er kanta med grøn ribb.
Dei grøne gensarane har vore populære. Grønfargen er behagelig og fin, og kekkoane er jo utruleg søte.
Her er ein litt annan variant av den grønne. Dette er ein tenåringsmodell fotografert ute i 8 minusgrader, noko kroppsspråket bær preg av...
Denne er dekorert med søte små froskar.
Den brune varianten var jo også søt. Eg hadde ein liten diskusjon med guttungen, fordi eg var litt usikker på kva slags dyr dette er. Er det bjørn, bikkjer eller er det rett og slett ein feite og gode julegrisar??
Vi kom fram til at det heilt sikkert er små søte bjørneungar det skal forestille.
Har prøvd ut ein ny variant av bodyar. Denne har rund hals med halsribb og raglanarmar. Den er også kanta med ribb rundt arm og åpningen nederst.
Tre trykknappar gjer at den held bleia stødig på plass utan å vri seg ut til eine eller andre sida av bleia.
Selvfølgelig må det jo lagast ein gutevariant. Denne har bilar og lastebilar på kryss og tvers.
Eg er vanlegvis ikkje så glad i blått, men denne har ein deilig varm blåfarge, litt mørkare enn det eg får fram på bilda
Også denne har tre trykknappar i bleieåpninga.
Beklagar litt kjedelige bilder med litt feil fargar. Eg har ikkje program for bilderedigering på maskina eg brukar no.