For nokre månader sidan fekk eg ei lita tegning på ca 5x10 cm. Det var niesa mi som hadde designa sin eigen kjole.
Sånne utfordringar klarar jo ikkje tante å motstå.
Eg jobba ein del timar på kjolen, og eg må innrømme at eg var svært skeptisk undervegs. Eg var svært usikker på korleis dei to skarpe hovudfargane ville bli i lag.
Del på del vart lagt på framstykket, og etter kvart byrja det å likne på teikninga.
Det var faktisk nesten som å sy lappeteknikk, dette...
Banda og pompongane måtte syast på i omgangar for å sikre at det vart rett.
Stoff, band og pompongar er kjøpt på Stoff og Stil.
Designeren var svært fornøgd med kjolen! No held ho på å tegne en til søstra og, så du kan vente deg nye utfordringar! :)
SvarSlettSpennande! Skal sjå det ballar på seg det her...
Slett