Her huset er det Kåre som er sjefen. Kåre er katta, og han kom til oss for ca 2 år sidan. Han var nesten 3 mnd gammal når vi fekk han, og då var han både folkesky og sjuk. No er Kåre frisk som ein fisk, men er fortsatt ganske skeptisk av seg. Han veit akkurat kva han vil ha i matskåla, han bestemmer når vi skal stå opp og han vil aller helst at vi skal åpne ytterdøra idet vi har sett oss i godstolen - ein ganske så eigenrådig sjef, med andre ord...
Etter at eg trekte om spisestuemøblane i august hadde eg litt møbelstoff til overs. Nokre breie blonder som eg har hatt liggjande i skuffa ei stund passa heilt perfekt til pynt på kantane rundt puta.
Biletet er printa ut på printerstoff. På baksida strauk eg applikasjonsvlieseline, slik at det var lett å stryke biletet fast på forsida av puta. Rundt biletet sydde eg med pyntesaum på symaskin. Ei kroklisse og ein rest blonder vart ramma rundt biletet.
På baksida er det glidelås, slik at det skal være lett å ta ut innerputa ved vask.
Kårepus har sjekka resultatet - og sjefen ser i grunn ut til å være fornøygd med resultatet