26 august 2013

Rocka genser for tøff tenåring

Etter ein kjempelang ferie har Tante Melin leita fram sysakene igjen. Som vanleg vart det kjøpt alt for mykje stoff og sytilbehør, og no er det på tide å prøve å bruke det opp. Det er faktisk ikkje plass i skapa mine lenger.....
 
 
Første prosjekt var ein ny genser til tenåringsguten. Denne er sydd av samme mønster som eg har nytta tidlegare. Den er litt lang, men tanken er at karen er i vekst - så om litt er den nok akkurat passeleg.

 
Det mønstra stoffet er bommullsjersey, og om ikkje eg hugsar heilt feil fann eg det på Hüco stoffe i Berlin. Denne sjappa hadde stort utvalg i stoff, og hadde det ikkje vore for at eg hadde sykla langt i 36 grader varme for å komme dit, så hadde det vore ei fantastisk oppleving å rusle rundt der. Eg var ein smule dehydrert og kokt når eg kom fram, og det begrensa handelen - kanskje like greit for lommeboka sin del.....
 
Det einsfarga er ribb frå Stoff og stil, som vi snubla over i Malmø.

Fram- og bakstykket på armane har fått ulike stoff, slik at ikkje det mønstra stoffet skal verte alt for dominerande. Det er også ribb i midjen og rundt armane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar