Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg

21 mai 2013

Salgsstand i Eid sentrum 25. april

 
Vil berre innom ein liten tur og fortelje at eg skal ha stand i lag med Eid hagelag ved Betanien laurdag 25. april frå kl 11.00 til kl 15.00
 
Her er ein bitteliten kollage av nokre varer eg kjem til å ha med. I tillegg vert det ein del tidlegare saker og ein del saker som ikkje er heilt ferdige enno. Må jo ha med litt sommartøy til dei søte små i desse dager.....

05 januar 2013

Julegåvesying

Også denne jula vart det julegåvesying til søte små familiemedlemmer. Ingen som slepp unna når ein har Tante Melin i slekta ;)
 
 
Ei niese fekk sett med bukse og genser. Genseren er sydd av frotte med elghovud frå Stoff og stil. Dette stoffet tykte eg var særdeles artig, og har lurt på kva eg skulle finne på å bruke det til.  

 
Buksa er i svart kordfløyel. Lommene er utanpåsydd av det samme elgstoffet som er i gensaren. Desverre var kordfløyelen litt stiv, så eg håpar den vert mjukare i vask og litt bruk. Midjen er laga av ribbstoff, slik at den ikkje skal bli stiv å gå med.

 
Mannen i huset er fadder på ein tøff liten kar. Han fekk seg genser i Stenzostoff med amerikanske stempelmønster.
Genseren er av samme type som eg har sydd før, men etter tilbakemelding frå brukarar har eg forlenga mønsteret med 2-3 cm, slik at den ikkje skal være for kort i ryggen.

 
Dette settet er sydd i bambus frå Myllymuksut. Dette kan brukast under f. eks ein kjole, eller som undertøy. Bambus har antibakteriell virkning, er veldig motstandsdyktig mot sopp, og er fuktabsorberande. Det er utruleg mjukt og deilig, og klør ikkje. Med andre ord er det perfekt å ha innerst mot kroppen.

30 november 2012

Snart klar for julemesse

Då har eg latt meg lokke til å være med på årets juleverkstad i Runnevang på Rygg. Her er nokre av kreasjonane eg skal ha med til salgsmessa.

Undertrøyer i bambus. Eit fantastisk mjukt og flott stoff som har mange av dei eigenskapane som ull har. Fint for dei som ikkje toler så godt ull nært kroppen.

Bukser og gensarar i diverse fargar og fasongar. Fleire modellar og andre fargar enn det som er vist her vert det også.


Julekjoler i ulike design blir det også med.

I tillegg til dette vil eg ha med luer og små vesker i forskjellige fargar og utformingar.

Det som vert til overs kjem eg til å legge ut på eplabutikken min over helga.


09 november 2012

Stilig sett i rosa og brunt


Dette artige settet vart sydd på bestilling i sommar til ei lita jente i Sverige.
Artig å vite at mine kreasjonar kryssar landegrensene!
 
 
Apekattstoffet er bommullsjersey, medan det brune er isoli.

 
Lommene er kanta med kanteband som eg monterer på symaskina mi. Eg har trudd at dette var å få kun til covermaskiner, men det kan altså kjøpast til nokre av dei vanlege Janomemaskinene.
 
Eg skal lage eit innlegg seinare med bilete av denne vidunderdingsen.