17 oktober 2012

Puse pute

Her huset er det Kåre som er sjefen. Kåre er katta, og han kom til oss for ca 2 år sidan. Han var nesten 3 mnd gammal når vi fekk han, og då var han både folkesky og sjuk.  No er Kåre frisk som ein fisk, men er fortsatt ganske skeptisk av seg. Han veit akkurat kva han vil ha i matskåla, han bestemmer når vi skal stå opp og han vil aller helst at vi skal åpne ytterdøra idet vi har sett oss i godstolen - ein ganske så eigenrådig sjef, med andre ord...


Etter at eg trekte om spisestuemøblane i august hadde eg litt møbelstoff til overs. Nokre breie blonder som eg har hatt liggjande i skuffa ei stund passa heilt perfekt til pynt på kantane rundt puta.


Biletet er printa ut på printerstoff. På baksida strauk eg applikasjonsvlieseline, slik at det var lett å stryke biletet fast på forsida av puta. Rundt biletet sydde eg med pyntesaum på symaskin. Ei kroklisse og ein rest blonder vart ramma rundt biletet.


På baksida er det glidelås, slik at det skal være lett å ta ut innerputa ved vask.


Kårepus har sjekka resultatet - og sjefen ser i grunn ut til å være fornøygd med resultatet

10 oktober 2012

Løpar del 5, lukkekant

Då er det klart for siste økt i prosjektet, lukkekanten skal på. Også lukkekanten kan syast på på ulike måtar. Eg tykkjer absolutt at eg får penast resultat når eg syr den til for hand på baksida. Dette tek nok litt lenger tid, men det er arbeid som kan gjerast medan ein kikkar på TV eller skravlar med andre.


Det første eg gjer er å reinskjære kantane. Dei fleste har sikkert opplevd at uansett kor nøyaktig ein er under heile prosessen, så vil det være behov for bittelitt korrigering til slutt likevel.
Bruk skjæreverktøyet slik som vist i tidlegare innlegg om løparen.

 
Remsa eg syr lukkekanten av brukar eg å skjære i 5 cm breie remser, og sy saman til ei remse som er minst 20cm lenger enn lukkekanten som skal syast, gjerne meir på store prosjekt. Legg enden på remsene rette mot rette i 90grader slik som biletet over viser. Det kan være lurt å teikne ein blyantstrek i diagonalen før ein syr, slik at du lett ser kor sømmen skal gå. Sy rettsøm over diagonalen. Om du nyttar kort stinglengde er det ikkje naudsynt å feste start og slutt på saumen.

 
Klipp av overskytande stoff, slik at du har eit vanleg saumromm att på baksida. Når du no brettar ut stoffet, har du ein diagonal saum på remsa. Ein diagonal saum gjer at sømrommet blir forskyvd når remsa blir bretta og skal syast på baksida.

 
Legg remsa dobbel, vrange mot vrange og stryk med strykejarnet.
 
Legg remsa kant i kant med løparen. Eg brukar å byrje saumen ca midt på ei langside av løparen. Lat der vere ca 20 cm av remsa som heng laus før du startar å sy saumen (sjå bilete lenger nede). I hjørnet avsluttar ein saumen med å sy 45grader ned mot hjørnet av løparen. Sjå biletet. Om du nyttar kort stinglengde slepp du feste tråden.

 
Så brettar du slik at lukkekanten ligg i 90 grader oppover, vekk frå sjølve arbeidet.

 
Hald ein finger på bretten og brett no tilbake ein gong til, slik at lukkekanten ligg langs den neste kanten som skal syast på løparen. Start å sy baklengs ca 1 cm frå bretten og til ca 0,5 cm frå bretten. Då er saumen festa, og du kan sy vidare på lukkekanten, til du kjem til neste hjørne. Gjenta samme prosedyre til du har sydd alle hjørna ferdig.

 
Her ser du korleis eit ferdigsydd hjørne ser ut før det blir bretta rundt til baksida.
 
 
Når du er komen rundt til den første langsida igjen, skal dei to endane av lukkekanten skøytast saman.

 
Klipp lukkekanten slik at endane ligg litt mindre omlapp enn breidda på lukkekanten er. Ved å lage lukkekanten litt stram, unngår du at det blir rynker når du syr den fast.

 
Legg endane på lukkekanten rette mot rette i omlapp på  90 grader. Tegn opp diagonalen og sy ein søm på samme måte som når du skøytte remsene tidlegare.

 
Legg lukkekanten langs kanten på løparen og sy fast resten.

 
Då er det klart for å vende lukkekanten over på baksida av løparen.
 
 
Sy fast lukkekanten for hand på baksida. Prøv å sy med små sting som viser så lite som mogeleg på baksida. Bruk gjerne knappenåler for å holde på plass lukkekanten undervegs. Hjørna er lettare å få pene om du set i eit par nåler for å holde på plass når du syr.
 
 
Då er arbeidet gjordt. Mange små bitar og mange timar med kosearbeid har blitt til ein flott løpar.
Håpar du har hatt nytte av steg-for-steg innlegga mine. Berre å spørre i kommentarfeltet om det er noko du lurar på :)

07 oktober 2012

Løpar del 4. Applikasjon og quilting

No er alle lappane til toppen på løparen montert, og då er det på tide med bittelitt "stash" på.
Her er det heilt enkle hjerter som skal monterast på. Eg har vore i restekassa og leita fram småbitar i dei rette fargane.

Eg brukar gjerne Vliesofix. Vliesofix er eit tosidig sjølvklebende papir for stoff applikasjonar. På eine sida er det papir som ein kan teikne mønsteret på, og andre sida er det lim på. Dersom retninga på motivet er viktig, så må ein hugse på å teikne det speglvendt på papiret.


 Så stryk ein papiret med teikninga på vrangsida av det stoffet som skal nyttast. Deretter kan ein klippe ut figurane etter teikninga.


Når mønsteret er klipt ut, riv ein papiret av frå baksida av stoffet. No heng limen igjen på baksida av figuren.


Plasser figurane ut over toppen på løparen.

Stryk over motivet til det sit fast.

 
No skal toppen quiltast, og då må ein ha eit mellomlag med vatt og eit bakstykke. Det finst mange typar vatt, og ein kallar dei gjerne bordvatt, platevatt eller dukvatt. Nokre er av bommull, andre er syntetiske. Til mindre arbeid nyttar eg ofte syntetisk vatt.
 
Legg bakstykket på eit bord med vranga opp, legg bordvatten over. Legg så løpartoppen med vranga ned mot vatten. Klipp ut vatt og bakstykke slik at det passar til løparen. Eg brukar ofte å la dei gå ein cm eller to utanfor løparen på alle kantar og heller reiskjære når lukkekanten skal på

Eg brukar spraylim til å feste dei tre laga før quilting. Viktig å ikkje spraye for tjukt på, då det kan bli klebrig på symaskinnåla.


Ein kan gjerne tråkle dei tre laga saman. Eg gjer ofte begge deler, dersom prosjektet er litt stort.
Om du ser etter, så har eg ein liten skinnbit på langfingeren, akkurat der eg brukar å treffe nåla når eg skal dytte den gjennom stoffet. Denne har lim på baksida og eg brukar denne i staden for fingerbøll.

 
Det finst utallige måtar å applikere fast motivet på. Eg fann ein fin tutorial her. På hjertet mitt her, har eg derimot gjordt det veldig enkelt. Eg syr berre med stoppefoten tre gongar rundt motivet. Når ein nyttar stoppefoten, må ein hugse å ta ned undertransportøren på maskina, ellers vil den føre quilten din framover. Tek du ned undertransportøren, kan du bevege quilten din fritt medan du syr.

 
Eg tykkjer arbeida held seg finast om ein quiltar forholdsvis tett. Her quiltar eg "in the ditch". Eg nyttar ofte usynlig overtråd til det. Det er ikkje naudsynt, for om du er nøyaktig blir sømmen nærast usynleg.

 
Rundt stitcheryet og over dei store flatene i løparen quiltar eg på frihand. Filmen bak linken viser grunnleggande korleis ein går fram for å få til frihandsquilting. Den viser også korleis ein går fram når ein limer dei tre laga saman.