26 august 2013

Søte plagg til søte små jenter

Det nærmar seg messetid igjen, så Tante Melin må fornye kolleksjonen sin litt.
 
 
Snurreskjørt i str 5-6 år. Modellen er rundklipt, så skjørtet svingar seg flott når den som har det på dansar litt. Skulle ønske eg hadde "live" bilder, for desse skjørta er verkeleg flotte på.

 
Nederst er ein liten, søt hjartekant.

 
Denne modellen lagar eg for første gong. Den kan nyttast som den er, eller om det er litt kjølig, kan ein ha ein tynn jerseygenser og strømpebukse under.  

 
Modellen har strikk i halsringinga, og falsk knappestolpe med fargeglade knappar på.

 
Ei lita lomme med blondekant har det også blitt plass til.
 
Kjolen finnast også i motsette fargar, men eg var tom for batteri, så det vart desverre ikkje fleire bilete.
 
Produkta i dette innlegget ligg i Eplabutikken min. Du finn den ved å klikke på linken oppe til høgre på sida her.

Rocka genser for tøff tenåring

Etter ein kjempelang ferie har Tante Melin leita fram sysakene igjen. Som vanleg vart det kjøpt alt for mykje stoff og sytilbehør, og no er det på tide å prøve å bruke det opp. Det er faktisk ikkje plass i skapa mine lenger.....
 
 
Første prosjekt var ein ny genser til tenåringsguten. Denne er sydd av samme mønster som eg har nytta tidlegare. Den er litt lang, men tanken er at karen er i vekst - så om litt er den nok akkurat passeleg.

 
Det mønstra stoffet er bommullsjersey, og om ikkje eg hugsar heilt feil fann eg det på Hüco stoffe i Berlin. Denne sjappa hadde stort utvalg i stoff, og hadde det ikkje vore for at eg hadde sykla langt i 36 grader varme for å komme dit, så hadde det vore ei fantastisk oppleving å rusle rundt der. Eg var ein smule dehydrert og kokt når eg kom fram, og det begrensa handelen - kanskje like greit for lommeboka sin del.....
 
Det einsfarga er ribb frå Stoff og stil, som vi snubla over i Malmø.

Fram- og bakstykket på armane har fått ulike stoff, slik at ikkje det mønstra stoffet skal verte alt for dominerande. Det er også ribb i midjen og rundt armane.