25 august 2012

Løpar del 1

Eg får ofte spørsmål om korleis eg gjer både det eine og hitt, så no tenkte eg å ta dåkke med på heile prossessen. Det kjem fleire innlegg etter kvart som arbeidet går framover. Dette er slik eg gjer det, og slett ingen fasit. Det kan godt være at eg gjer det annleis på neste prosjekt. Om du har spørsmål eller gode tips er det berre å skrive i kommentarfeltet under innlegget.

Prosjektet er ein løpar i lappeteknikk. Mønsteret har eg funne i den første utgåva av MY Quilt, og det er løparen på framsida eg held på med.
 
 
Først leitar eg fram det eg tenkjer eg skal bruke av stoff og utstyr. For det meste brukar eg tynne, stødige bommullstoff. Om det er mogeleg nyttar eg gjerne restar av andre stoff også.
Alle stoffa blir vaska før bruk for å få ut kjemikalier frå produksjonen. Det sikrar også at dei ikkje krympar, eller at fargane flyt ut når det ferdige produktet skal vaskast. 

 
All broderitråden har eg samla i ein boks, slik at det er lett å finne rette fargane.

....eller - nesten alt......
Intensjonen er jo at alt skal samlast på ein stad. Blir mindre rot av det, visstnok....
Ja, ja...det er visst ikkje alt som er etter intensjonane i mi kreative hole.....


Før broderinga kan starte fyller eg kaffi i koppen (viktig!) og teiknar opp mønsteret på stoffet. Her er det greit å legge stoffet på teikninga og teikne av. Om det er vanskeleg å sjå gjennom stoffet, kan ein tape fast teikninga og stoffet  på eit vindauge og teikne det av med motlys. Av og til legg eg ei lampe på hylla under stovebordet. Der er glasplate i bordet, slik at det fungerer som lyskasse.

Her har eg nytta ein  penn som ikkje kan vaskast av, og som er berekna til dette formålet. Det finst mange ulike pennar å velge mellom. Har du ingen penn, så går det veldig bra med ein heilt vanleg gråblyant.
 
Følg med, del to kjem når det passar.....

20 august 2012

Klar for ein lang og regnfull haust

Eg er så heldig å ha ungdomar i hus som vil ha kreasjonane mine.


Den utvalde denne gongen har fått mjuk og god bukse i isoli. Mønsteret er etter ei gammal bukse som eg spretta opp og teikna av.
Der er kvit ribb i livet og rundt anklane.


Lommene er sydd av ein rest kvitt stoff med hovudskallar på. Det var berre smårestar att av stoffet då lommene var klipt, så då måtte resten av dekoren bli bokstavar plassert meir eller mindre tilfeldig rundt på buksebeina.

Her på nordvestlandet er det ikkje nok med mjuke og gode kle. Ein må også ha noko som held regn og vind unna:


Regnjakka er sydd av Stoff og Stil sitt regnstoff. Det er tøyelig og mjukt. På baksida er det isoli, så eg vil tru at dette plagget blir godt å ha på seg.

Den som er observant vil kanskje sjå at her er ting og tang som er litt skakt og langt frå perfekt. Det er ikkje så godt å nåle i stoff som skal være tett, så det hendte at stoffet flytta på seg medan eg sydde. Nokre gonger tok eg opp att, medan andre gonger måtte det berre bli som det vart. Det er jo grenser for kor mange gonger ein kan gjennomhole ei regnjakke før den blir lekk.....


Lommene er sydd utanpå og har fått klaffe over.
I armane er det satt trykknappar.


Hetta har løpegang til strikk eller snor, men mottakaren ville ikkje ha noko i.


På vranga er det stroke på sømtape, for at ikkje væte skal sige inn gjennom saumane.Om det blir tett, gjenstår å sjå.

Eg brukte eit  mønster frå Kreativ sin mønster CD  som mal. Desse mønstera printar ein ut på heimeprinteren. Det fine her er at ein skriv inn måla på pc'en før ein printer, og det som blir printa ut har perfekt størrelse til mottakaren. For ei som er litt dårleg på mønstertilpassing, så er dette heilt genialt!

12 august 2012

Aurora design - ei artig utfordring!

For nokre månader sidan fekk eg ei lita tegning på ca 5x10 cm. Det var niesa mi som hadde designa sin eigen kjole.
Sånne utfordringar klarar jo ikkje tante å motstå.


Eg jobba ein del timar på kjolen, og eg må innrømme at eg var svært skeptisk undervegs. Eg var svært usikker på korleis dei to skarpe hovudfargane ville bli i lag.
Del på del vart lagt på framstykket, og etter kvart byrja det å likne på teikninga.


Det var faktisk nesten som å sy lappeteknikk, dette...



Banda og pompongane måtte syast på i omgangar for å sikre at det vart rett.



Stoff, band og pompongar er kjøpt på Stoff og Stil.


07 august 2012

Møbel makeover

Vi kjøpte 8 slike stolar og eit spisebord på  Finn.no i vår.
Trekket har eg heile tida sagt skal skiftast ut, men så tar det gjerne sin tid før ein får somla seg frå tanke til handling...
Etter å ha gått berserk på Stoff og Stil i sommar, så kunne eg ikkje utsetje prosjektet lenger. Der er rett og slett ikkje plass til alt i stoffhyllene, så no må eg sørge for litt sirkulasjon.
Det gamle trekket vart spretta av ved hjelp av skrujern og tang.

Desse stiftene er det som sat i dei to første stolane. Før stiftane på alle stolane var ute, så hadde eg gnagsår i begge hendene...
Nytt trekk vart stifta fast...

....og brått hadde vi så godt som nye møblar til spisestua vår!
Det var ikkje meir enn 2-3 timars roleg arbeid og under 300 kr i stoff for alle åtte stolane, så dette var artig!

04 august 2012

Veloursett til ein liten tøffing

Ein liten nabogut (med god hjelp frå mammaen sin) var så kjekk å passe Kåre-pus når vi var på ferie i sommar. Eg kunne selvfølgelig kjøpt ein pakke med sjokoladebitar som takk for hjelpa, men då hadde det nok vore ete opp allereie....
I staden leita eg fram velourstoffa mine og sydde eit  mjukt og deilig sett i grått med lilla monstertruckar på. Settet er sydd i ca str 2 år.
Lomma, armar og bein vart kanta med grå ribb.
Knea på buksa fekk forsterkning med monstertruckar på.

Stoffet er frå Stofstedet.