Også denne jula vart det julegåvesying til søte små familiemedlemmer. Ingen som slepp unna når ein har Tante Melin i slekta ;)
Ei niese fekk sett med bukse og genser. Genseren er sydd av frotte med elghovud frå Stoff og stil. Dette stoffet tykte eg var særdeles artig, og har lurt på kva eg skulle finne på å bruke det til.
Buksa er i svart kordfløyel. Lommene er utanpåsydd av det samme elgstoffet som er i gensaren. Desverre var kordfløyelen litt stiv, så eg håpar den vert mjukare i vask og litt bruk. Midjen er laga av ribbstoff, slik at den ikkje skal bli stiv å gå med.
Mannen i huset er fadder på ein tøff liten kar. Han fekk seg genser i Stenzostoff med amerikanske stempelmønster.
Genseren er av samme type som eg har sydd før, men etter tilbakemelding frå brukarar har eg forlenga mønsteret med 2-3 cm, slik at den ikkje skal være for kort i ryggen.
Dette settet er sydd i bambus frå Myllymuksut. Dette kan brukast under f. eks ein kjole, eller som undertøy. Bambus har antibakteriell virkning, er veldig motstandsdyktig mot sopp, og er fuktabsorberande. Det er utruleg mjukt og deilig, og klør ikkje. Med andre ord er det perfekt å ha innerst mot kroppen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar