Viser innlegg med etiketten gensar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gensar. Vis alle innlegg

26 august 2013

Rocka genser for tøff tenåring

Etter ein kjempelang ferie har Tante Melin leita fram sysakene igjen. Som vanleg vart det kjøpt alt for mykje stoff og sytilbehør, og no er det på tide å prøve å bruke det opp. Det er faktisk ikkje plass i skapa mine lenger.....
 
 
Første prosjekt var ein ny genser til tenåringsguten. Denne er sydd av samme mønster som eg har nytta tidlegare. Den er litt lang, men tanken er at karen er i vekst - så om litt er den nok akkurat passeleg.

 
Det mønstra stoffet er bommullsjersey, og om ikkje eg hugsar heilt feil fann eg det på Hüco stoffe i Berlin. Denne sjappa hadde stort utvalg i stoff, og hadde det ikkje vore for at eg hadde sykla langt i 36 grader varme for å komme dit, så hadde det vore ei fantastisk oppleving å rusle rundt der. Eg var ein smule dehydrert og kokt når eg kom fram, og det begrensa handelen - kanskje like greit for lommeboka sin del.....
 
Det einsfarga er ribb frå Stoff og stil, som vi snubla over i Malmø.

Fram- og bakstykket på armane har fått ulike stoff, slik at ikkje det mønstra stoffet skal verte alt for dominerande. Det er også ribb i midjen og rundt armane.

21 mai 2013

Salgsstand i Eid sentrum 25. april

 
Vil berre innom ein liten tur og fortelje at eg skal ha stand i lag med Eid hagelag ved Betanien laurdag 25. april frå kl 11.00 til kl 15.00
 
Her er ein bitteliten kollage av nokre varer eg kjem til å ha med. I tillegg vert det ein del tidlegare saker og ein del saker som ikkje er heilt ferdige enno. Må jo ha med litt sommartøy til dei søte små i desse dager.....

22 april 2013

Stilige raglangensarar til gutar/ungdom

Det er neimenn ikkje enkelt å finne stoff som egnar seg for karar som er litt over småbarnstadiet, så når eg kjem over noko bra er det berre å slå til med ein gong.  Dette sneakers-stoffet kom eg over på Stoff og Stil for litt sidan.
 
 
Eg er ikkje sikker på kva type stoff det er, om det er tjukk jersey eller isoli. Stødig og godt stoff som egna seg til større plagg. Armar og lommer er sydd av mørk blå ribb.

 
Uttapåsydde lommer med plass til nettbrett eller telefon er eit must.

 
Ein raglangensar i eit anna stilig stoff frå samme sjappe. Dette er å finne i årets katalog som stretch jersey.  Stoffet er litt tynnare enn sneakers-stoffet, men også dette er stødig og godt.Armane og lommene er sydd i ribb.

 
Nærbilde av det utruleg stilige printet.

 
Også her store utanpåsatte lommer.
 
Bilgenseren finnast i Eplabutikken min i størrelsane 4-6 og 8 år

18 januar 2013

Hettejakke til ein tenåring

Det er slett ikkje lett å finne stoff som passar til klede for tenåringsgutar, men dette stoffet i økologisk bommull var jo heilt midt i blinken!
 
 
Mønsteret er printa ut frå ein mønstercd frå Kreativ.


Rundt armane og nederst på jakka er det svart ribb.

12 januar 2013

Fantastisk mjuk og deilig bambus

Eg har forelska meg litt i bambus frå Myllymuksut. Bambus virkar for meg å være eit fantastisk stoff, som eg kjem til å sy mykje i framover.
Det er det mjukaste stoffet eg har prøvd nokonsinne. Utruleg deilig å ha inntil kroppen.
Stoffet har stor absorberingsevne, er antibakterielt og nesten resistent mot soppså det passar svært godt som undertøy.
Bambus kan brukast på samme måte som ullundertøy. Den store forskjellen er at dei som har ein tendens til å klø av ull ikkje vil klø av bambus.

Nokre av produkta er lagt ut i Epla-butikken min

Ein lett gensar, kan også nyttast som underskjorte på kalde dagar. Denne har ein nydelig lillafarge, men på bildet ser den nesten blå ut.

Dette litt utydelige biletet viser litt meir rett farge på genseren. Halsen er kanta med grøn ribb.


Dei grøne gensarane har vore populære. Grønfargen er behagelig og fin, og kekkoane er jo utruleg søte.
Her er ein litt annan variant av den grønne. Dette er ein tenåringsmodell fotografert ute i 8 minusgrader, noko kroppsspråket bær preg av...
Denne er dekorert med søte små froskar.
Den brune varianten var jo også søt. Eg hadde ein liten diskusjon med guttungen, fordi eg var litt usikker på kva slags dyr dette er. Er det bjørn, bikkjer eller er det rett og slett ein feite og gode julegrisar??
Vi kom fram til at det heilt sikkert er små søte bjørneungar det skal forestille.


Har prøvd ut ein ny variant av bodyar. Denne har rund hals med halsribb og raglanarmar. Den er også kanta med ribb rundt arm og åpningen nederst.
Tre trykknappar gjer at den held bleia stødig på plass utan å vri seg ut til eine eller andre sida av bleia.

Selvfølgelig må det jo lagast ein gutevariant. Denne har bilar og lastebilar på kryss og tvers.

Eg er vanlegvis ikkje så glad i blått, men denne har ein deilig varm blåfarge, litt mørkare enn det eg får fram på bilda


Også denne har tre trykknappar i bleieåpninga.

Beklagar litt kjedelige bilder med litt feil fargar. Eg har ikkje program for bilderedigering på maskina eg brukar no.


05 januar 2013

Julegåvesying

Også denne jula vart det julegåvesying til søte små familiemedlemmer. Ingen som slepp unna når ein har Tante Melin i slekta ;)
 
 
Ei niese fekk sett med bukse og genser. Genseren er sydd av frotte med elghovud frå Stoff og stil. Dette stoffet tykte eg var særdeles artig, og har lurt på kva eg skulle finne på å bruke det til.  

 
Buksa er i svart kordfløyel. Lommene er utanpåsydd av det samme elgstoffet som er i gensaren. Desverre var kordfløyelen litt stiv, så eg håpar den vert mjukare i vask og litt bruk. Midjen er laga av ribbstoff, slik at den ikkje skal bli stiv å gå med.

 
Mannen i huset er fadder på ein tøff liten kar. Han fekk seg genser i Stenzostoff med amerikanske stempelmønster.
Genseren er av samme type som eg har sydd før, men etter tilbakemelding frå brukarar har eg forlenga mønsteret med 2-3 cm, slik at den ikkje skal være for kort i ryggen.

 
Dette settet er sydd i bambus frå Myllymuksut. Dette kan brukast under f. eks ein kjole, eller som undertøy. Bambus har antibakteriell virkning, er veldig motstandsdyktig mot sopp, og er fuktabsorberande. Det er utruleg mjukt og deilig, og klør ikkje. Med andre ord er det perfekt å ha innerst mot kroppen.

30 november 2012

Snart klar for julemesse

Då har eg latt meg lokke til å være med på årets juleverkstad i Runnevang på Rygg. Her er nokre av kreasjonane eg skal ha med til salgsmessa.

Undertrøyer i bambus. Eit fantastisk mjukt og flott stoff som har mange av dei eigenskapane som ull har. Fint for dei som ikkje toler så godt ull nært kroppen.

Bukser og gensarar i diverse fargar og fasongar. Fleire modellar og andre fargar enn det som er vist her vert det også.


Julekjoler i ulike design blir det også med.

I tillegg til dette vil eg ha med luer og små vesker i forskjellige fargar og utformingar.

Det som vert til overs kjem eg til å legge ut på eplabutikken min over helga.


09 november 2012

Stilig sett i rosa og brunt


Dette artige settet vart sydd på bestilling i sommar til ei lita jente i Sverige.
Artig å vite at mine kreasjonar kryssar landegrensene!
 
 
Apekattstoffet er bommullsjersey, medan det brune er isoli.

 
Lommene er kanta med kanteband som eg monterer på symaskina mi. Eg har trudd at dette var å få kun til covermaskiner, men det kan altså kjøpast til nokre av dei vanlege Janomemaskinene.
 
Eg skal lage eit innlegg seinare med bilete av denne vidunderdingsen.