29 januar 2013

Sommarkjole med vaffelsøm

Har lenge tenkt å prøve meg på vaffelsøm. Strikk har eg hatt liggjande klar i skuffa i bortimot to år, trur eg...
Vaffelsøm får ein ved å surre tynn strikk på undertrådspola og sy med det som undertråd. Til overtråd nyttar ein den vanlege tråden ein elles ville brukt. Stinglengda bør være litt lang.
 

 
I mangel på modell, får eit par vaser stabla oppå kvarandre duge. Difor dei litt merkelige proporsjonane.

 
Heilt øverst er det rullesøm og deretter søte blonder til avslutning.
 
 
Her har visst ikkje fotografen vore heilt stødig, men det er altså ein grøn kroklisse som er nederst på kanten av kjolen.
 
For den som har lyst på slik lett og deilig sommarkjole til snuppa si, så er den å få kjøpt hjå Tante Melin på Epla, der finst den i 5 ulike størrelsar.

23 januar 2013

Skotsikker....

 
Eg fekk i oppdrag å lage ein premie til eit handballotteri. Kva er då meir naturleg enn å nytte siluetten av ein skotsikker handballspelar?
 
 
Løparen er heilt enkel og grei, sydd saman av 3 inch store kvadrat. Einaste stashet er handballspelaren som er applikkert på med maskin. Den er frihandsquilta med stoppefoten.
Eg har fleire løparar som er like enkelt laga, og eg tykkjer ofte dei er finast. Då passar dei til dei i grunn til det meste.
 
 
Har laga ein handballpremie med samme siluetten tidlegare også.
Då vart det ei toalettveske. Firkantane på den var mindre, og den vart quilta diagonalt gjennom alle hjørna. Artig å sjå kor ulikt uttrykket blir når ein endrar quiltemåte.



18 januar 2013

Hettejakke til ein tenåring

Det er slett ikkje lett å finne stoff som passar til klede for tenåringsgutar, men dette stoffet i økologisk bommull var jo heilt midt i blinken!
 
 
Mønsteret er printa ut frå ein mønstercd frå Kreativ.


Rundt armane og nederst på jakka er det svart ribb.

12 januar 2013

Fantastisk mjuk og deilig bambus

Eg har forelska meg litt i bambus frå Myllymuksut. Bambus virkar for meg å være eit fantastisk stoff, som eg kjem til å sy mykje i framover.
Det er det mjukaste stoffet eg har prøvd nokonsinne. Utruleg deilig å ha inntil kroppen.
Stoffet har stor absorberingsevne, er antibakterielt og nesten resistent mot soppså det passar svært godt som undertøy.
Bambus kan brukast på samme måte som ullundertøy. Den store forskjellen er at dei som har ein tendens til å klø av ull ikkje vil klø av bambus.

Nokre av produkta er lagt ut i Epla-butikken min

Ein lett gensar, kan også nyttast som underskjorte på kalde dagar. Denne har ein nydelig lillafarge, men på bildet ser den nesten blå ut.

Dette litt utydelige biletet viser litt meir rett farge på genseren. Halsen er kanta med grøn ribb.


Dei grøne gensarane har vore populære. Grønfargen er behagelig og fin, og kekkoane er jo utruleg søte.
Her er ein litt annan variant av den grønne. Dette er ein tenåringsmodell fotografert ute i 8 minusgrader, noko kroppsspråket bær preg av...
Denne er dekorert med søte små froskar.
Den brune varianten var jo også søt. Eg hadde ein liten diskusjon med guttungen, fordi eg var litt usikker på kva slags dyr dette er. Er det bjørn, bikkjer eller er det rett og slett ein feite og gode julegrisar??
Vi kom fram til at det heilt sikkert er små søte bjørneungar det skal forestille.


Har prøvd ut ein ny variant av bodyar. Denne har rund hals med halsribb og raglanarmar. Den er også kanta med ribb rundt arm og åpningen nederst.
Tre trykknappar gjer at den held bleia stødig på plass utan å vri seg ut til eine eller andre sida av bleia.

Selvfølgelig må det jo lagast ein gutevariant. Denne har bilar og lastebilar på kryss og tvers.

Eg er vanlegvis ikkje så glad i blått, men denne har ein deilig varm blåfarge, litt mørkare enn det eg får fram på bilda


Også denne har tre trykknappar i bleieåpninga.

Beklagar litt kjedelige bilder med litt feil fargar. Eg har ikkje program for bilderedigering på maskina eg brukar no.


05 januar 2013

Julegåvesying

Også denne jula vart det julegåvesying til søte små familiemedlemmer. Ingen som slepp unna når ein har Tante Melin i slekta ;)
 
 
Ei niese fekk sett med bukse og genser. Genseren er sydd av frotte med elghovud frå Stoff og stil. Dette stoffet tykte eg var særdeles artig, og har lurt på kva eg skulle finne på å bruke det til.  

 
Buksa er i svart kordfløyel. Lommene er utanpåsydd av det samme elgstoffet som er i gensaren. Desverre var kordfløyelen litt stiv, så eg håpar den vert mjukare i vask og litt bruk. Midjen er laga av ribbstoff, slik at den ikkje skal bli stiv å gå med.

 
Mannen i huset er fadder på ein tøff liten kar. Han fekk seg genser i Stenzostoff med amerikanske stempelmønster.
Genseren er av samme type som eg har sydd før, men etter tilbakemelding frå brukarar har eg forlenga mønsteret med 2-3 cm, slik at den ikkje skal være for kort i ryggen.

 
Dette settet er sydd i bambus frå Myllymuksut. Dette kan brukast under f. eks ein kjole, eller som undertøy. Bambus har antibakteriell virkning, er veldig motstandsdyktig mot sopp, og er fuktabsorberande. Det er utruleg mjukt og deilig, og klør ikkje. Med andre ord er det perfekt å ha innerst mot kroppen.