Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg

10 oktober 2012

Løpar del 5, lukkekant

Då er det klart for siste økt i prosjektet, lukkekanten skal på. Også lukkekanten kan syast på på ulike måtar. Eg tykkjer absolutt at eg får penast resultat når eg syr den til for hand på baksida. Dette tek nok litt lenger tid, men det er arbeid som kan gjerast medan ein kikkar på TV eller skravlar med andre.


Det første eg gjer er å reinskjære kantane. Dei fleste har sikkert opplevd at uansett kor nøyaktig ein er under heile prosessen, så vil det være behov for bittelitt korrigering til slutt likevel.
Bruk skjæreverktøyet slik som vist i tidlegare innlegg om løparen.

 
Remsa eg syr lukkekanten av brukar eg å skjære i 5 cm breie remser, og sy saman til ei remse som er minst 20cm lenger enn lukkekanten som skal syast, gjerne meir på store prosjekt. Legg enden på remsene rette mot rette i 90grader slik som biletet over viser. Det kan være lurt å teikne ein blyantstrek i diagonalen før ein syr, slik at du lett ser kor sømmen skal gå. Sy rettsøm over diagonalen. Om du nyttar kort stinglengde er det ikkje naudsynt å feste start og slutt på saumen.

 
Klipp av overskytande stoff, slik at du har eit vanleg saumromm att på baksida. Når du no brettar ut stoffet, har du ein diagonal saum på remsa. Ein diagonal saum gjer at sømrommet blir forskyvd når remsa blir bretta og skal syast på baksida.

 
Legg remsa dobbel, vrange mot vrange og stryk med strykejarnet.
 
Legg remsa kant i kant med løparen. Eg brukar å byrje saumen ca midt på ei langside av løparen. Lat der vere ca 20 cm av remsa som heng laus før du startar å sy saumen (sjå bilete lenger nede). I hjørnet avsluttar ein saumen med å sy 45grader ned mot hjørnet av løparen. Sjå biletet. Om du nyttar kort stinglengde slepp du feste tråden.

 
Så brettar du slik at lukkekanten ligg i 90 grader oppover, vekk frå sjølve arbeidet.

 
Hald ein finger på bretten og brett no tilbake ein gong til, slik at lukkekanten ligg langs den neste kanten som skal syast på løparen. Start å sy baklengs ca 1 cm frå bretten og til ca 0,5 cm frå bretten. Då er saumen festa, og du kan sy vidare på lukkekanten, til du kjem til neste hjørne. Gjenta samme prosedyre til du har sydd alle hjørna ferdig.

 
Her ser du korleis eit ferdigsydd hjørne ser ut før det blir bretta rundt til baksida.
 
 
Når du er komen rundt til den første langsida igjen, skal dei to endane av lukkekanten skøytast saman.

 
Klipp lukkekanten slik at endane ligg litt mindre omlapp enn breidda på lukkekanten er. Ved å lage lukkekanten litt stram, unngår du at det blir rynker når du syr den fast.

 
Legg endane på lukkekanten rette mot rette i omlapp på  90 grader. Tegn opp diagonalen og sy ein søm på samme måte som når du skøytte remsene tidlegare.

 
Legg lukkekanten langs kanten på løparen og sy fast resten.

 
Då er det klart for å vende lukkekanten over på baksida av løparen.
 
 
Sy fast lukkekanten for hand på baksida. Prøv å sy med små sting som viser så lite som mogeleg på baksida. Bruk gjerne knappenåler for å holde på plass lukkekanten undervegs. Hjørna er lettare å få pene om du set i eit par nåler for å holde på plass når du syr.
 
 
Då er arbeidet gjordt. Mange små bitar og mange timar med kosearbeid har blitt til ein flott løpar.
Håpar du har hatt nytte av steg-for-steg innlegga mine. Berre å spørre i kommentarfeltet om det er noko du lurar på :)

07 oktober 2012

Løpar del 4. Applikasjon og quilting

No er alle lappane til toppen på løparen montert, og då er det på tide med bittelitt "stash" på.
Her er det heilt enkle hjerter som skal monterast på. Eg har vore i restekassa og leita fram småbitar i dei rette fargane.

Eg brukar gjerne Vliesofix. Vliesofix er eit tosidig sjølvklebende papir for stoff applikasjonar. På eine sida er det papir som ein kan teikne mønsteret på, og andre sida er det lim på. Dersom retninga på motivet er viktig, så må ein hugse på å teikne det speglvendt på papiret.


 Så stryk ein papiret med teikninga på vrangsida av det stoffet som skal nyttast. Deretter kan ein klippe ut figurane etter teikninga.


Når mønsteret er klipt ut, riv ein papiret av frå baksida av stoffet. No heng limen igjen på baksida av figuren.


Plasser figurane ut over toppen på løparen.

Stryk over motivet til det sit fast.

 
No skal toppen quiltast, og då må ein ha eit mellomlag med vatt og eit bakstykke. Det finst mange typar vatt, og ein kallar dei gjerne bordvatt, platevatt eller dukvatt. Nokre er av bommull, andre er syntetiske. Til mindre arbeid nyttar eg ofte syntetisk vatt.
 
Legg bakstykket på eit bord med vranga opp, legg bordvatten over. Legg så løpartoppen med vranga ned mot vatten. Klipp ut vatt og bakstykke slik at det passar til løparen. Eg brukar ofte å la dei gå ein cm eller to utanfor løparen på alle kantar og heller reiskjære når lukkekanten skal på

Eg brukar spraylim til å feste dei tre laga før quilting. Viktig å ikkje spraye for tjukt på, då det kan bli klebrig på symaskinnåla.


Ein kan gjerne tråkle dei tre laga saman. Eg gjer ofte begge deler, dersom prosjektet er litt stort.
Om du ser etter, så har eg ein liten skinnbit på langfingeren, akkurat der eg brukar å treffe nåla når eg skal dytte den gjennom stoffet. Denne har lim på baksida og eg brukar denne i staden for fingerbøll.

 
Det finst utallige måtar å applikere fast motivet på. Eg fann ein fin tutorial her. På hjertet mitt her, har eg derimot gjordt det veldig enkelt. Eg syr berre med stoppefoten tre gongar rundt motivet. Når ein nyttar stoppefoten, må ein hugse å ta ned undertransportøren på maskina, ellers vil den føre quilten din framover. Tek du ned undertransportøren, kan du bevege quilten din fritt medan du syr.

 
Eg tykkjer arbeida held seg finast om ein quiltar forholdsvis tett. Her quiltar eg "in the ditch". Eg nyttar ofte usynlig overtråd til det. Det er ikkje naudsynt, for om du er nøyaktig blir sømmen nærast usynleg.

 
Rundt stitcheryet og over dei store flatene i løparen quiltar eg på frihand. Filmen bak linken viser grunnleggande korleis ein går fram for å få til frihandsquilting. Den viser også korleis ein går fram når ein limer dei tre laga saman.


20 september 2012

Løpar del 3, vi syr saman toppen på løparen

Det nærmar seg helg, og då er det sytid igjen.
Eg har skore ut alle dei små delane som til slutt skal bli ein løpar. Dersom du lurar på korleis du brukar ein rullekniv, så ta ein kikk på denne videoen som viser heilt grunnleggjande kunnskapar om bruken av kniven.
 
 
Her er alle dei minste delane skorne opp, og lagt i rett rekkefølge før sying. Her er ein ny video som viser korleis du kuttar stoffet.  
Det er lett å surre med kva for delar som skal syast saman, så det er lurt å lage seg eit system. 

 
Når bitane skal syast saman brukar eg ein 1/4 inch fot til maskina. Hjå Janome er denne foten merka med O. Det viktige her er at ein er heilt nøyaktig med sømrommet når ein syr saman alle desse småbitane. Ein millimeter for mykje sømrom på kvar bit gjer at remsa blir ein cm kortare etter 5 sømmar....
 
Har du lagt alle bitane etter eit godt system er det greit å sy saman mange bitar i slengen.
 
Når remsa er sydd saman, skal sømmane strykast mot samme side. Dersom du har to remser med små lappar som skal syast saman, så pass på at den eine remsa blir stroken ein veg, og den andre den andre vegen. Då blir det ikkje så tjukt å sy over sømmonna, og sømmane treff kvarandre som i eit kryss.

 
Første remse ferdig sydd og montert på ei lenger remse.
 
 
Strykejernet er eit av dei beste reiskapane ein har når ein driv med lappeteknikk. Vær nøyen med å stryke god ut sømmane.
 
No er bitane sydd saman, i neste innlegg skal toppen få på applikasjonar og quiltast.
Følg med!

09 september 2012

Løpar del 2, stitchery

 
Ja, som sagt i første del - kaffi er viktig!
Så er vi klar til å ta fatt på del to :)

 
Når teikninga er overført til stoffet, må ein ha noko stabiliserande på baksida.  Eg brukar gjerne eit tynt strykeinnlegg. Det fungerer veldig greit når arbeidet skal festast i broderiramme.
Andre gonger har eg lagt eit stykke bordvatt under broderiet i staden. Då "boblar" biletet seg litt og det får eit litt mjukare og "fluffy" preg. Då brukar eg ikkje broderiramma, sjølv om ein sjølvsagt kan gjere det også. Det finst utallige måtar å gjere dette på, og ingen av metodane er meir rett enn andre. Det blir berre litt forskjellige uttrykk og resultat av det.
 
 
Teikninga puttar eg i ei broderiramme. Du vil kanskje tenkje at eg har montert teikninga "ut-inn", men det er no slik eg har vendt meg til å jobbe. Då er det lett å sjå korleis biletet blir liggjande i ramma når eg monterer det.  
 
 
Til broderinga nyttar eg moulinègarn. Dette garnet kjøpast hjå dei fleste som forhandlar garn, og finnast i utallige fargevariantar. Tråden er spunne av 6 tynnare trådar, og som oftast brukar eg å dele dei i tre, slik at eg broderer med to og to trådar. Til heilt fine arbeid og spesielle detaljar kan ein nytte berre ein tråd i slengen.
 
 
Bildet her er sydd med to trådar, og det er attersting, mille fleur og franske knutar som blir brukt  til dette biletet.

 
Det er greit at biletet er litt størrelse på medan ein jobbar med det. Då blir det lettare å feste i ramma. Er det for knapt i forhold til størrelsen på ramma blir det gjerne litt klossete når ein skal sy ytterdelen av biletet, fordi ramma blir i vegen.
No når biletet er ferdig, kuttar ein det til samme mål som dei andre blokkene det skal syast saman med.
 
Følg med vidare, del tre kjem etter kvart....