23 juli 2012

Regntunge sommardagar er supre sydagar!

Eg strevar fortsatt fordi symaskina mi er øydelagt, men eg har fått låne ei PFAFF 6152. Ikkje heilt ny maskin, men den er svært god. Den manglar ein del av funksjonane eg er vant til å bruke - men då må ein berre nytte fantasien i staden....


Her er enno eit eksemplar av sukkertøykjolen. Den liknar mykje på den forrige eg sydde, men blondene er frå Stoff og Stil og er ikkje elastiske, som på den forrige.
Mønsteret er fortsatt frå boka Made by me og stoffet er velour frå Stofstedet.

Over skuldra har eg slengt den nye weekendbagen min. Mønster og stoff er handla på Stoff og Stil. 


Veska knappast ned i sidene med trykknappar.  Når ein skal ha mykje med seg, er det berre å løyse trykknappane i sida, så rommar den meir.


Her er brukt eit biseband i velour. Eg tykte det var artig fordi det matchar foret i veska. I og med at det er så tjukt var det ikkje heilt enkelt å sy det pent på. 


Inne i veska er det ei lomme med glidelås og ei heilt enkel stikklomme bak denne.
Innerstoffet er velour og det er kanskje ikkje det mest praktiske inni ei veske. Om det kan være til nytte, så vert ein i alle fall i skikkelig godt humør av å sjå på det. Skikkelig gladfarge!

2 kommentarer:

  1. Veska var veldig fin, men jeg kan skjønne det kan være litt kronglete med velour inni.

    SvarSlett
    Svar
    1. Har brukt veska litt, og foret fungerer betre enn eg frykta. Var redd rusk og rask ville henge seg fast i foret, men det går faktisk veldig greit.

      Slett