13 desember 2012

Klar for juleball

Kvelden før kvelden fekk vi plutselig ein ide om at det skulle være ny kjole til juleballet. Til vår store lykke fann vi eit stoff med noko som likna metallmaljer i skapet.
 
 
I fronten er det sydd sammen eit par lengder svart band, og midt over dette eit sølvfarga band. På biletet under, ser ein litt betre rynkeeffekten som går heile vegen langs begge forstykka.

 
For å lage rynkene klipte eg opp mønsteret frå midt famme og nesten heilt ut i sida 8 gonger oppover langs heile fronten. Så la eg mønsteret på mønstervlies og bretta utover som på biletet under. Sidesaumen blir då akkurat så lang som den skal være, medan midten blir lang.
 
 
For å få dette i rette proporsjonar igjen, så syr ein rynketrådar og rynkar forstykka ned til rett lengde igjen. Eg sydde midt framme på begge tøystykka på eit stødig band først, og etterpå sydde eg dekorbanda på framsida

05 desember 2012

Knytetopp

Dottera mi kom med bestilling på knytetopp.
Eg brukte mønsteret til ein vanleg, enkel genser som mal. Forstykka teikna eg på frihand og ryggstykket vart klipt av i livet, resten av mønsteret nytta eg som det var.
 
 
Når toppen er knytt ser den slik ut. Den er penare med matchande plagg under, men det er lett å sjå fasongen når ein fotograferer med kontrastfarge.
 

 Om ein ynskjer det, kan forstykka henge fritt utan å knyte. Ganske stilig med skjerf og langt smykke til.

 
Ryggen er klipt av i livet.
 
 
Uruleg flotte bilder gjer at sjølv det enklaste plagg blir ein fantastisk kreasjon.
Stoffet er kjøpt på Stoff og Stil.