20 august 2012

Klar for ein lang og regnfull haust

Eg er så heldig å ha ungdomar i hus som vil ha kreasjonane mine.


Den utvalde denne gongen har fått mjuk og god bukse i isoli. Mønsteret er etter ei gammal bukse som eg spretta opp og teikna av.
Der er kvit ribb i livet og rundt anklane.


Lommene er sydd av ein rest kvitt stoff med hovudskallar på. Det var berre smårestar att av stoffet då lommene var klipt, så då måtte resten av dekoren bli bokstavar plassert meir eller mindre tilfeldig rundt på buksebeina.

Her på nordvestlandet er det ikkje nok med mjuke og gode kle. Ein må også ha noko som held regn og vind unna:


Regnjakka er sydd av Stoff og Stil sitt regnstoff. Det er tøyelig og mjukt. På baksida er det isoli, så eg vil tru at dette plagget blir godt å ha på seg.

Den som er observant vil kanskje sjå at her er ting og tang som er litt skakt og langt frå perfekt. Det er ikkje så godt å nåle i stoff som skal være tett, så det hendte at stoffet flytta på seg medan eg sydde. Nokre gonger tok eg opp att, medan andre gonger måtte det berre bli som det vart. Det er jo grenser for kor mange gonger ein kan gjennomhole ei regnjakke før den blir lekk.....


Lommene er sydd utanpå og har fått klaffe over.
I armane er det satt trykknappar.


Hetta har løpegang til strikk eller snor, men mottakaren ville ikkje ha noko i.


På vranga er det stroke på sømtape, for at ikkje væte skal sige inn gjennom saumane.Om det blir tett, gjenstår å sjå.

Eg brukte eit  mønster frå Kreativ sin mønster CD  som mal. Desse mønstera printar ein ut på heimeprinteren. Det fine her er at ein skriv inn måla på pc'en før ein printer, og det som blir printa ut har perfekt størrelse til mottakaren. For ei som er litt dårleg på mønstertilpassing, så er dette heilt genialt!

2 kommentarer:

  1. Har sett dette stoffet og lurt på om det verkeleg kan bli tett, men mulig det blir vel så bra so det en kjøpe? spennande å høyre kor det går! :)

    SvarSlett
  2. Eg skal komme med tilbakemelding her når eg veit korleis det fungerer i praksis. Det virka veldig bra. Mjukt og litt stretch. Det er kanskje sømmane som er det svake punktet.

    SvarSlett