Viser innlegg med etiketten Stofstedet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stofstedet. Vis alle innlegg

04 august 2012

Veloursett til ein liten tøffing

Ein liten nabogut (med god hjelp frå mammaen sin) var så kjekk å passe Kåre-pus når vi var på ferie i sommar. Eg kunne selvfølgelig kjøpt ein pakke med sjokoladebitar som takk for hjelpa, men då hadde det nok vore ete opp allereie....
I staden leita eg fram velourstoffa mine og sydde eit  mjukt og deilig sett i grått med lilla monstertruckar på. Settet er sydd i ca str 2 år.
Lomma, armar og bein vart kanta med grå ribb.
Knea på buksa fekk forsterkning med monstertruckar på.

Stoffet er frå Stofstedet.

23 juli 2012

Regntunge sommardagar er supre sydagar!

Eg strevar fortsatt fordi symaskina mi er øydelagt, men eg har fått låne ei PFAFF 6152. Ikkje heilt ny maskin, men den er svært god. Den manglar ein del av funksjonane eg er vant til å bruke - men då må ein berre nytte fantasien i staden....


Her er enno eit eksemplar av sukkertøykjolen. Den liknar mykje på den forrige eg sydde, men blondene er frå Stoff og Stil og er ikkje elastiske, som på den forrige.
Mønsteret er fortsatt frå boka Made by me og stoffet er velour frå Stofstedet.

Over skuldra har eg slengt den nye weekendbagen min. Mønster og stoff er handla på Stoff og Stil. 


Veska knappast ned i sidene med trykknappar.  Når ein skal ha mykje med seg, er det berre å løyse trykknappane i sida, så rommar den meir.


Her er brukt eit biseband i velour. Eg tykte det var artig fordi det matchar foret i veska. I og med at det er så tjukt var det ikkje heilt enkelt å sy det pent på. 


Inne i veska er det ei lomme med glidelås og ei heilt enkel stikklomme bak denne.
Innerstoffet er velour og det er kanskje ikkje det mest praktiske inni ei veske. Om det kan være til nytte, så vert ein i alle fall i skikkelig godt humør av å sjå på det. Skikkelig gladfarge!

20 juni 2012

Frå katastrofe til suksess

Eg fekk det for meg at eg skulle sy ein Sukkertøykjole i gåve. Mønsteret finn ein i boka  Made by me.
Stoffet var bestilt hjå Stofstedet. Det eg gløymde var at det allereie var sydd ein gutegensr av stoffet, så der var ikkje lenger 3 meter å frotse i....
 I og med at det er velour, så kan ein ikkje snu delane opp ned, så juksing var absolutt ikkje tillatt. Etter mykje om og men var alle mønsterdelane plassert på stoffet og klippinga kunne starte.

Så er det no sånn, at når ein først har klipt, ja så har ein søren meg klipt....

Når forstykket skulle dekorerast, så viste det seg at forstykket var klipt mot jarkanten, og bakstykket mot brett. Det skulle vore omvendt, så då sat eg der med ein stygg saum midt framme på kjolen...

I forargelsen kasta eg frå meg arbeidet og lot det ligge eit par dagar. Etter eit tips frå ein bekjent, kom eg på at eg kunne nytte nokre av stretchblondene eg hamstra på danmarksturen i fjor.


Sånn vart kjolen til slutt. Den midterste loddrette blonda skjuler saumen, dei andre er berre dekor.


Baksida fekk kun ei enkel vassrett blonde.


Hjerta er sydd på med ein av dekorsømmane på maskina. For at dei skulle sitje stødig under monteringa, vart dei limt på med quiltespray. På undersida er det stroke på eit lag med vlieseline, slik at ikkje stoffet skal dra seg.


Den rosa kjolen er sydd etter samme mønster, men eg må seie at den grå vart absolutt mykje flottare! Banda gjer at kjolen sit penare på, så det er nesten sånn at eg lurar på om den rosa kjolen må få seg nokre blonder også.