Då er det klart for siste økt i prosjektet, lukkekanten skal på. Også lukkekanten kan syast på på ulike måtar. Eg tykkjer absolutt at eg får penast resultat når eg syr den til for hand på baksida. Dette tek nok litt lenger tid, men det er arbeid som kan gjerast medan ein kikkar på TV eller skravlar med andre.
Det første eg gjer er å reinskjære kantane. Dei fleste har sikkert opplevd at uansett kor nøyaktig ein er under heile prosessen, så vil det være behov for bittelitt korrigering til slutt likevel.
Bruk skjæreverktøyet slik som vist i tidlegare innlegg om løparen.
Remsa eg syr lukkekanten av brukar eg å skjære i 5 cm breie remser, og sy saman til ei remse som er minst 20cm lenger enn lukkekanten som skal syast, gjerne meir på store prosjekt. Legg enden på remsene rette mot rette i 90grader slik som biletet over viser. Det kan være lurt å teikne ein blyantstrek i diagonalen før ein syr, slik at du lett ser kor sømmen skal gå. Sy rettsøm over diagonalen. Om du nyttar kort stinglengde er det ikkje naudsynt å feste start og slutt på saumen.
Klipp av overskytande stoff, slik at du har eit vanleg saumromm att på baksida. Når du no brettar ut stoffet, har du ein diagonal saum på remsa. Ein diagonal saum gjer at sømrommet blir forskyvd når remsa blir bretta og skal syast på baksida.
Legg remsa dobbel, vrange mot vrange og stryk med strykejarnet.
Legg remsa kant i kant med løparen. Eg brukar å byrje saumen ca midt på ei langside av løparen. Lat der vere ca 20 cm av remsa som heng laus før du startar å sy saumen (sjå bilete lenger nede). I hjørnet avsluttar ein saumen med å sy 45grader ned mot hjørnet av løparen. Sjå biletet. Om du nyttar kort stinglengde slepp du feste tråden.
Så brettar du slik at lukkekanten ligg i 90 grader oppover, vekk frå sjølve arbeidet.
Hald ein finger på bretten og brett no tilbake ein gong til, slik at lukkekanten ligg langs den neste kanten som skal syast på løparen. Start å sy baklengs ca 1 cm frå bretten og til ca 0,5 cm frå bretten. Då er saumen festa, og du kan sy vidare på lukkekanten, til du kjem til neste hjørne. Gjenta samme prosedyre til du har sydd alle hjørna ferdig.
Her ser du korleis eit ferdigsydd hjørne ser ut før det blir bretta rundt til baksida.
Når du er komen rundt til den første langsida igjen, skal dei to endane av lukkekanten skøytast saman.
Klipp lukkekanten slik at endane ligg litt mindre omlapp enn breidda på lukkekanten er. Ved å lage lukkekanten litt stram, unngår du at det blir rynker når du syr den fast.
Legg endane på lukkekanten rette mot rette i omlapp på 90 grader. Tegn opp diagonalen og sy ein søm på samme måte som når du skøytte remsene tidlegare.
Legg lukkekanten langs kanten på løparen og sy fast resten.
Då er det klart for å vende lukkekanten over på baksida av løparen.
Sy fast lukkekanten for hand på baksida. Prøv å sy med små sting som viser så lite som mogeleg på baksida. Bruk gjerne knappenåler for å holde på plass lukkekanten undervegs. Hjørna er lettare å få pene om du set i eit par nåler for å holde på plass når du syr.
Då er arbeidet gjordt. Mange små bitar og mange timar med kosearbeid har blitt til ein flott løpar.
Håpar du har hatt nytte av steg-for-steg innlegga mine. Berre å spørre i kommentarfeltet om det er noko du lurar på :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar