No er alle lappane til toppen på løparen montert, og då er det på tide med bittelitt "stash" på.
Her er det heilt enkle hjerter som skal monterast på. Eg har vore i restekassa og leita fram småbitar i dei rette fargane.
Eg brukar gjerne Vliesofix. Vliesofix er eit tosidig sjølvklebende papir for stoff applikasjonar. På eine sida er det papir som ein kan teikne mønsteret på, og andre sida er det lim på. Dersom retninga på motivet er viktig, så må ein hugse på å teikne det speglvendt på papiret.
Så stryk ein papiret med teikninga på vrangsida av det stoffet som skal nyttast. Deretter kan ein klippe ut figurane etter teikninga.
Når mønsteret er klipt ut, riv ein papiret av frå baksida av stoffet. No heng limen igjen på baksida av figuren.
Plasser figurane ut over toppen på løparen.
Stryk over motivet til det sit fast.
No skal toppen quiltast, og då må ein ha eit mellomlag med vatt og eit bakstykke. Det finst mange typar vatt, og ein kallar dei gjerne bordvatt, platevatt eller dukvatt. Nokre er av bommull, andre er syntetiske. Til mindre arbeid nyttar eg ofte syntetisk vatt.
Legg bakstykket på eit bord med vranga opp, legg bordvatten over. Legg så løpartoppen med vranga ned mot vatten. Klipp ut vatt og bakstykke slik at det passar til løparen. Eg brukar ofte å la dei gå ein cm eller to utanfor løparen på alle kantar og heller reiskjære når lukkekanten skal på
Eg brukar spraylim til å feste dei tre laga før quilting. Viktig å ikkje spraye for tjukt på, då det kan bli klebrig på symaskinnåla.
Ein kan gjerne tråkle dei tre laga saman. Eg gjer ofte begge deler, dersom prosjektet er litt stort.
Om du ser etter, så har eg ein liten skinnbit på langfingeren, akkurat der eg brukar å treffe nåla når eg skal dytte den gjennom stoffet. Denne har lim på baksida og eg brukar denne i staden for fingerbøll.
Det finst utallige måtar å applikere fast motivet på. Eg fann ein fin tutorial her. På hjertet mitt her, har eg derimot gjordt det veldig enkelt. Eg syr berre med stoppefoten tre gongar rundt motivet. Når ein nyttar stoppefoten, må ein hugse å ta ned undertransportøren på maskina, ellers vil den føre quilten din framover. Tek du ned undertransportøren, kan du bevege quilten din fritt medan du syr.
Eg tykkjer arbeida held seg finast om ein quiltar forholdsvis tett. Her quiltar eg "in the ditch". Eg nyttar ofte usynlig overtråd til det. Det er ikkje naudsynt, for om du er nøyaktig blir sømmen nærast usynleg.
Rundt stitcheryet og over dei store flatene i løparen quiltar eg på frihand. Filmen bak linken viser grunnleggande korleis ein går fram for å få til frihandsquilting. Den viser også korleis ein går fram når ein limer dei tre laga saman.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar