Eg fekk det for meg at eg skulle sy ein Sukkertøykjole i gåve. Mønsteret finn ein i boka Made by me.
Stoffet var bestilt hjå Stofstedet. Det eg gløymde var at det allereie var sydd ein gutegensr av stoffet, så der var ikkje lenger 3 meter å frotse i....
I og med at det er velour, så kan ein ikkje snu delane opp ned, så juksing var absolutt ikkje tillatt. Etter mykje om og men var alle mønsterdelane plassert på stoffet og klippinga kunne starte.
Så er det no sånn, at når ein først har klipt, ja så har ein søren meg klipt....
Når forstykket skulle dekorerast, så viste det seg at forstykket var klipt mot jarkanten, og bakstykket mot brett. Det skulle vore omvendt, så då sat eg der med ein stygg saum midt framme på kjolen...
I forargelsen kasta eg frå meg arbeidet og lot det ligge eit par dagar. Etter eit tips frå ein bekjent, kom eg på at eg kunne nytte nokre av stretchblondene eg hamstra på danmarksturen i fjor.
Sånn vart kjolen til slutt. Den midterste loddrette blonda skjuler saumen, dei andre er berre dekor.
Baksida fekk kun ei enkel vassrett blonde.
Hjerta er sydd på med ein av dekorsømmane på maskina. For at dei skulle sitje stødig under monteringa, vart dei limt på med quiltespray. På undersida er det stroke på eit lag med vlieseline, slik at ikkje stoffet skal dra seg.
Den rosa kjolen er sydd etter samme mønster, men eg må seie at den grå vart absolutt mykje flottare! Banda gjer at kjolen sit penare på, så det er nesten sånn at eg lurar på om den rosa kjolen må få seg nokre blonder også.
HEI Elin
SvarSlettFantastisk fin kjole -ser veldig behagelig ut også. Flink du er :)
Anne Grete fra bunadskurset ;)
Hei, hei, Anne Grete!
SlettSå kjekt at du stikk innom! Kjolen er kjempedeilig - har nesten budd i den i sommar :)