25 august 2012

Løpar del 1

Eg får ofte spørsmål om korleis eg gjer både det eine og hitt, så no tenkte eg å ta dåkke med på heile prossessen. Det kjem fleire innlegg etter kvart som arbeidet går framover. Dette er slik eg gjer det, og slett ingen fasit. Det kan godt være at eg gjer det annleis på neste prosjekt. Om du har spørsmål eller gode tips er det berre å skrive i kommentarfeltet under innlegget.

Prosjektet er ein løpar i lappeteknikk. Mønsteret har eg funne i den første utgåva av MY Quilt, og det er løparen på framsida eg held på med.
 
 
Først leitar eg fram det eg tenkjer eg skal bruke av stoff og utstyr. For det meste brukar eg tynne, stødige bommullstoff. Om det er mogeleg nyttar eg gjerne restar av andre stoff også.
Alle stoffa blir vaska før bruk for å få ut kjemikalier frå produksjonen. Det sikrar også at dei ikkje krympar, eller at fargane flyt ut når det ferdige produktet skal vaskast. 

 
All broderitråden har eg samla i ein boks, slik at det er lett å finne rette fargane.

....eller - nesten alt......
Intensjonen er jo at alt skal samlast på ein stad. Blir mindre rot av det, visstnok....
Ja, ja...det er visst ikkje alt som er etter intensjonane i mi kreative hole.....


Før broderinga kan starte fyller eg kaffi i koppen (viktig!) og teiknar opp mønsteret på stoffet. Her er det greit å legge stoffet på teikninga og teikne av. Om det er vanskeleg å sjå gjennom stoffet, kan ein tape fast teikninga og stoffet  på eit vindauge og teikne det av med motlys. Av og til legg eg ei lampe på hylla under stovebordet. Der er glasplate i bordet, slik at det fungerer som lyskasse.

Her har eg nytta ein  penn som ikkje kan vaskast av, og som er berekna til dette formålet. Det finst mange ulike pennar å velge mellom. Har du ingen penn, så går det veldig bra med ein heilt vanleg gråblyant.
 
Følg med, del to kjem når det passar.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar