Det nærmar seg ferietid, og då er det kanskje ikkje så rart at sømproduksjonen også bær preg av det. Eg kom over mønsteret Spaniaveske som er laga av Bente Malm.
Mønsteret var lett å forstå, så sjølv om det er mange detaljar som skal på plass, trur eg det er lett å bruke også for dei som ikkje er så røynde. Måla er gjevne i inch,noko eg ikkje likar så godt. Der er omrekningstabell med i mønsteret, så heller ikkje det burde være noko problem.
Eg kjøpte ein type stiv vatt med lim på begge sider (hugsar ikkje namnet), og kutta opp deler til så mange vesker og lommebøker som eg hadde vatt til. Det vart 2 vesker og 5 lommebøker til slutt.
Veska har ei lett snor, slik at ein kan henge den rundt halsen og putte den under jakka når ein er på tur. For den som ikkje likar å ha den under jakka, så kan den enkelt festast rundt hankane på handveska eller bagen/ryggsekken og legge den nedi. Då ligg verdisakene trygt i veska, men er samstundes lett å finne fram når ein treng dei.
Framsida har lomme med glidelås og klaffe over åpninga til sjølve veska. På baksida er det ei lomme med glidelås. Lomma er perfekt størrelse til å oppbevare f.eks passet i.
Inni lommeboka er det to lommer utan glidelås. Desse er god størrelse på, så der er plass til mange sedlar....
Inni veska er der eit stort og godt rom med plass til lommeboka og litt til. Der er også ei enkel lomme utan glidelås.
Litt ulike variantar, slik at der var pungar som passa både til jenter og gutar. Dessutan fekk eg nytta litt frå restekassa mi.
Undervegs i prosessen gjekk symaskina mi kruken. I skapa mine stod dette treskeverket av ei maskin. Den er kjøpt på LIDL i sin tid, og er ganske skrekkelig å sy på. No er det no faktisk slik at den syr både framover og bakover. Eg kan faktisk stille både lengda på stinga og breidda på sikksakken, så den får duge til eg får ei ny i hus.
Ja det såg ut til å vere ei grom maskin, men må ein sy så må ein sy... Fine pengevesker, slik skulle vi vel hatt oss i september òg :-)
SvarSlett