08 juni 2012

Premiære i Noregs nasjonaldrakt!!

Etter ei alt for lang bloggpause, har eg bestemt meg for å starte heilt på nytt. Denne gong blir det ein rein hobbyblogg, og eg har skifta frå Wordpress til Blogger. Det blir spennande å sjå om det blir funksjonelt og bra.  Sidan det er premiæredag, så kler vi oss sjølvsagt i det flottaste plagget vi har - bunaden.
I vinter gjekk eg på bunadkurs for å lære å sy Nordfjordbunad, og første innlegget handlar om det.
Noko av det første som måtte gjerast var å sy på vevde band nederst på stakken.
Eg juksa litt og kjøpte ferdig vevde band. Har ingen intensjonar om å bli bunadsyar på heiltid, så det er ikkje alt eg ser meg nytte i å lære...
 
Litt instruksjonar må til undervegs.

Så skal det merkast opp før ein kan byrje å lage legg på stakken. Det vanlige utstyret til lappeteknikk duger godt til slikt arbeide også.

Deretter skal ein folde etter oppmerkingane

Så ser det sånn passelig rart ut ei stund. Blir heldigvis betre etter at brettane har lagt i press. Stakken låg i press i 6 veker før eg fortsatte arbeidet med den. 
 
Livstykket blir sydd ferdig, og så syr ein band over alle saumar og kantar.


Framsida på livstykket.

Her, sånn ca midt på stoffet skal det altså bli ein hals. Eit lite, firkanta stoffstykke skal syast inn der stoffet er klipt som ein T.  Ein nokså underlig konstruksjon, men det fungerer faktisk heilt supert.

Her er firkantstykket på plass, og det liknar faktisk litt på ein krage. I toppen her blir det sydd rynketrådar, slik at ein får små piperynker i halsen der kragen skal syast på.
Her ser ein piperynkene  og broderiet på kragen. Broderiet heiter krunekret.

Der finst utallige variantar av lomma til Nordfjordbunaden. Ein kjenning fortalte at ho hadde talt 21 ulike lommer på eit og same 17. mai arrangment.
Her har frøkena fått på seg finstasen. Eg var ikkje heilt fornøygd med at lomma drar ned forkledet, så i ettertid sydde eg eit band på stakken, slik at lommespenna kan stikkast nedi der og kvile på bandet i staden for på beltet.


3 kommentarer:

  1. Hadde flink lærar veit du, Siv! ;)

    SvarSlett
  2. Flotte bilder Elin:)
    Anne Grete fra kurset :)

    SvarSlett